Thursday, February 5, 2009

Thogoto Teacher College

Torsdag 05.02.09

Vi starta på nok ein tidleg morgon med mange morgonfriske ansikt! :) I dag var målet Thogoto Teacher College i utkanten av Nairobi. For å sjå korleis dei har det på ein lærarskule her i Kenya.

Odd Ragnar som den gode organisator og morgonfriske A-menneske, hadde planlagt ein lang og strabasiøs biltur. Men alt gjekk ikkje som Odd Ragnar hadde planlagt….. Vegen var utbetra og vi kom til skulen tre kvarter før skjema!!! Då vart det ein del venting utanfor, sidan dei ikkje var førebudde på at vi skulle kome så tidleg. Men etter å ha vore på reise saman med 16 stk. sidan laurdag, er vi no blitt vane med litt venting.. Å meir er i vente :) Ventetid kan for eksempel brukast til sosial samkome og fotografering:)

Etter 45 min. venting, kom programmet i gang. Dette starta med møte på rektors kontor, saman med rektor og ein del av staben. Deretter var det ei lita omvising, der vi var innom det store biblioteket, dataromet og mikrostudio På mikrostudio fekk vi ta del i ei uvanleg metode. Før lærarstudentane kan reise ut i praksis, får dei teste seg på skulen ved at dei blir filma i ein undervisningssituasjon. På denne måten kan dei sjå filmen og bruke den som hjelp til å bli ein betre lærar.

Skulen har både internat og ”fjøs”. Dyrehald er ein viktig del av livet i Kenya. Kanskje hadde det vore ein ide for Høgskulen i Volda å starta med sin eigen fjøs?? Berre ein liten tanke:)

Kvifor er det slik akkurat her?
Til geografens store glede fekk vi ta del i ein geografitime. Vi vart sette hulter til bulter med lett blanding av norskar og kenyanarar. Temaet for timen var: map reading. Etter ein lang og interessant time på to timar, gjekk dagen over i lunsj og sosialisering med kenyanarar. Mobilnummer vart utveksla og mykje bilde vart tatt(ikkje mest frå vår side). Alle jentene fekk tilbod om giftarmål, men takka høfleg nei!

Eit gjentakande spørsmål var:
Are you married? Are you married? Are you married? Are you married?

Kvelden i kveld går for det meste til pakking og klargjering til ein lang og strabasiøs busstur. Denne turen vil vare i 10-12 timar i fylgje Odd Ragnar!

Øyvind og Kristin

PS: alle saman har det bra og helsar kjente og kjære

No comments:

Post a Comment