Tuesday, February 10, 2009

Søndag 8 februar

Klokka 0430 slo alarmen til, og 6 trøtte studentar (Espen, Sindre, Mathias, Hanne, Hilde og Clara) tørka støvet ut av auga, fylde vassflaskene og sneik seg ut av hytta. No var tida komen for å bestige Kogh, ein topp på litt i overkant av 2700moh. Det var mørkt så dei medbrakte hovudlyktene kom godt med, i tillegg til to lokale guidar og ein flokk unggutar – i slippersar - som ville sjå klønete nordmenn ta seg fram i bratt og ulendt terreng. Etter vel ein times klatring nådde vi toppen i god tid før sola sto opp, og vi fekk dermed nyte den mektige afrikanske soloppgangen frå ein spiss topp med fantastisk panoramautsikt.

Vi kom ned til dekka bord med frukost på ekte afrikansk vis, og gjorde oss deretter klare til avgang opp fjellsida nok ein gang. No skulle vi møte resten av gruppa att for å oppleve korleis fjellfolket feststemde samla seg til kyrkjemesse. Dette var ei spesiell oppleving som ikkje likna på noko ein nordmann vanleg vis møter i kyrkja. Her var ei god blanding av menn, kvinner, barn, song, trommer og eit spensthopp eller to på første rad. Det meste gjekk føre seg på KiSwahili (offisielt språk i Kenya), men gjennom ein mann som kunne engelsk, fekk vi tolka heile seremonien. Denne tolkinga førte til at messa varte i om lag 2 timar, noko vår reiseleiar fekk merke, og nytta høvet til ein aldri så liten kvil på auget J Mange av deltakarane hadde mykje på hjartet, og det meste var retta mot ”Dear visitors, you are highly welcome. We are very happy to have you here, may God bless you, thank you”. Seremonien vart avslutta med at alle deltakarane handhelsa utanfor kyrkja, og ynskte kvarandre ein god dag vidare.

Etter dette fekk vi atter ein gong servert lunsj i høgste klasse av ein lokal familie, før vi snudda nasa nedover fjellet. Denne turen gjekk mykje lettare enn oppover, og vi kom alle glade og nøgde nedatt med helsa i god behald - om ein ser vekk i frå skrubbsår og ein aldri så liten overtråkk frå Amanda si side. Aldri før har lunken cola og ein(!) kald dusj vore så populært og kjærkomen!

Resten av dagen gjekk med til middag, pleie av gnagsår og støle musklar og sosialt samvere utover kvelden med mykje kortspel, latter og god stemning. Vi var alle einige om at til trass for ein svært hard og strabasiøs fjelltur, var dei unike opplevingane i eit så urørt område, absolutt verdt blod, sveitte og tårer!

Clara – sveitt, støl og slurpande på sløv Cola J

2 comments:

  1. Kjekt å kunne følge med på turen dåkis. Ønskjer alle ein fortsatt flott tur.
    Helsng mamma til Clara.

    ReplyDelete
  2. Ja, dere får oppleve mye. Dette kan helt sikkert brukes senere i livet. Stå på videre og sug inn inntrykka.
    Hilsen mamma og pappa til Sindre

    ReplyDelete