Monday, February 16, 2009

Torsdag 12. februar

Hompittien hompetatten hompetittentei!
Målet for dagen var å kome seg til Kisumu. Vegen til Kisumu var ikkje av norsk standard. Vedlikehald av vegar er ikkje høgt prioritert. Det vil seie at det er eit og anna hull i vegen ;P. Heldigvis har vi gode sjåførar som ser hull på lang avstand.

Etter berre to timar var det klart for første pittstopp. Midt ut i skogen stoppa vi. TISSEPAUSE!! J

Den store administratoren Odd Ragnar hadde i dag planlagt besøk på fiskefabrikk. Men planen fall noko i fisk. I staden for organiserte han eit besøk på ein sukkerfabrikk. På denne fabrikken vart vi teken i mot med opne armar av ein frittalande inder. Vi fekk ein rundtur på fabrikken og lærte oss korleis ein lagar sukker. Sjefen var så engasjert og glad for besøket at han ville gi oss både brus og sukker. I vente på dette slapp vi inn i heimen hans og inn i eit rom som likna veldig på eit soverom.
Han setje på tv-en og vi håpte på ein instruksjonsfilm om sukkerproduksjon, men det varte heller indisk lokal-tv.
Vi lurte litt på kva vi hadde i vente, og lurte svært. Indaren hadde mykje på hjartet og fortalt fritt om det meste. Vi fekk svar på alt frå mafia verksemd til kor mykje han tente i året. Meir open mann skal du leite lenge etter.

Turen gjekk så vidare til lunsj på Kisumu Sunset Hotel. Det var godt med hotellmat og variasjon.
Neste programpost var fiskefabrikkbesøk. 3 mann og 2 lærarar reiste til den stengde fabrikken. Fabrikken var nemleg under oppussing og derav lite aktiv. Dette besøket enda opp i at dei ivrigaste studentane fekk eit besøk på ein brødfabrikk på kjøpet, mens resten av gjengen sat glade og fornøgde på hotellet og kosa seg med noko godt i glaset og spelte UNO.

Hotellet diska opp med turens beste middag og glade studentar heiv innpå for å gjer seg klar til morgondagens store tur!! Sjølve SAFARI!

Øyvind og Kristin

Tips frå Kristin: Ikkje sit med handa ut av vindauget, på bilen, i lengre tid, i så fall hugs då SOLKREM! J

No comments:

Post a Comment