Monday, February 16, 2009

Onsdag 11. februar

Skulebesøk i Chepareria
Propoi primary school
Onsdag 11.februar

Av Ida Marie og Marita

Dagen i dag starta med skulebesøk i Chepareria. For å komme oss dit kjørte vi ein times tid frå Kapenguria mot Chesta. Vegstandarden var ustabil, men alle dei blide og vinkande menneska vi kjørte fordi gjorde det heile ganske så morosamt.

Då vi kom fram til skulen blei vi motekne med afrikansk song. Dei var fantastisk flinke. Vi framførte ”Ja vi elsker”, noko som enda i altfor høgt toneleie. Vi hadde store problem mot slutten. Dette blei heldigvis motteke med latter. Deretter blei vi fordelt utover på 6. 7. og 8. klassingane. Alle følte at elevane på denne skulen var stille og sjenerte. Særleg i forhold til elevane på det andre skulebesøket. Engelskkunnskapane var også litt dårlege i dette omradet, men alt i eitt hadde vi eit spennande og lærerikt skulebesøk. Etter undervisninga om Noreg, fekk vi observere ein skuletime. Deretter gjekk turen mot lærarrommet. Då fekk vi kose oss med Chai (Mjølk/vatn og te), og sandwichar. Vi fekk også intervjue og snakke med lærarane. Der diskuterte vi alt frå ”ancestors” til skilsmissestatistikk i Noreg. Sjølv om den afrikanske uttalen skapte litt misforståingar, så enda det i eit svært vellukka skulebesøk. Bjørn Gunnar og Odd Ragnar såg på lærarane sine bustader medan vi studentane underviste. 6 lærarar but i lag i ei lita hytte, kor dei måtte dele senger. Tenk at dei bur slik! Skulen hadde rom for at 64 elevar kunne bu der, men i staden budde det 120 elevar der. Det vil seie to og to i kvar seng.

Etter skulebesøket kjørte vi tilbake til KBC for å ete lunsj. Deretter gjekk turen mot Kapenguria sentrum. Der møtte vi ein stor gjeng med gateborn. For oss var det eit tøft møte. Det å komme så tett inn på born som anten har rømt heime frå eller blitt kasta ut, var ei svært spesiell oppleving. Vi spanderte lunsj på dei og spelte ein nokså spennande fotballkamp mot dei. Gateborna vann med 5- 1. Det var fint å kunne hjelpe til med eit slikt ljospunkt i ein elles så tøff kvardag. På sidelinja fekk vi også oppleve mykje spesielt og forferdeleg. Kjensla av å ikkje kunne hjelpe dei akkurat der og då var vond. Synet av barn som sniffa lim og var tydeleg rusa, er ikkje til å gløyme. Opp i all elendigheita fekk vi sjå mange smil. Her i Kenya sitter smila laust til tross for dei problema som mange har.

Etter denne dagen satt vi igjen med mange sterke inntrykk som måtte bearbeidast. Slike opplevingar gløymer ein aldri.

No comments:

Post a Comment